KVALITETSARTISTER.NO

 

 

 

 

 

Kvarts

 

Jo Asgeir Lie (trekkspel),

Øystein Rudi (fele, hardingfele)

Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar)

Erlend Styve (vokal, gitar)

 

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna fått to Spelemannprisar. Gruppa er solid rotfesta i den norske folkemusikken, men Kvarts eksperimenterer også medvite med å kombinere ulike musikalske sjangrar. Med ei rekkje instrument og med humør og speleglede har gruppa fått eit stort publikum i løpet av dei ti åra gruppa har eksistert. Repertoaret til Kvarts er ein kombinasjon av norsk tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale.

 

I desse dagar er Kvarts superaktuelle med den komande opningskonserten på Folkelarm med KORK som blir spelt torsdag den 17. september. Konserten blir radiosendt på to ulike tidspunkt, les meir og høyr på:

 

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/549698 

 

http://www.nrk.no/informasjon/organisasjonen/kringkastingsorkestret/1.6640363

 

Den forrige konserten kan du høyre i si fulle lengde her: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/258900

 

Gruppa har og har hatt svært vellukka samarbeid med ei rekkje kjende norske musikarar, som t.d. Kringkastingsorkestret, Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen.

 

 

 

Kvarts har gjeve ut fem cd-ar. Fyrste cd-en til gruppa, Kvarts, fekk Spelemannprisen for 1999 for beste folkemusikk/gammaldansproduksjon. Oppfylgjarplata som kom i 2001, Filigran, vart også nominert til Spelemannprisen. I 2004 gav dei ut musikken frå framsyninga Skal, skal ikkje, og i 2006 kom Steinsprang. For denne produksjonen fekk dei den andre Spelemannprisen. Ekte døl, med musikk av trekkspelaren Oddvar Nygaard, vart lansert i 2008, og våren 2009 kom dei ut med live cd-en Folkemusikk i symfoni, som er liveopptak frå konsertane Kvarts hadde saman med Kringkastingsorkestret (KORK) i 2007.

 

Kvarts har laga musikk til fem større tingingsverk: Gneistar (Den Norske Folkemusikkveka, 2000), konsertframsyninga Skal, skal ikkje (Rikskonsertene/Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, 2002), folkemusikkmessa Messe for tvil(Tvilsdagene, Hamar, 2005), Musikalske vossastubbar  (Voss Spelemannslag/ Osafestivalen 2007) og Tonar til hjarta (2009).

 

Kvarts har også medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og gruppa har turnert i inn- og utland, mellom anna for Rikskonsertene.

 

Presseklypp:

Steinsprang er siste utgivelse fra folkemusikklaget Kvarts, en nytenkende gjeng som gjennom fikse omarbeidelser av tradisjonsmateriale lager folkemusikk for en ny tid. Tenk på dreieskiva på gamle radioapparater. Mens du skrur ("scroller" heter det vel nå) deg bortover søkebrettet fanger du opp snutter og brokker av all verdens musikkuttrykk. Slik er det med Kvarts: De "tager litt av alt", med Hannah Winsnes, og tilfører et pletora av elementer til norsk tradisjonsmusikk, mikser og stemmer, speller og danser. Shaken, not stirred? Vel, først blandet, så foredlet, er vel formelen. Og slik som den virker! Gammel vin på nye flasker, musserende og med trykk. (…) En "trez dansant" plate, smakfull, leken, yndig og med den rette reisning. En klassiker.

- Bjørn Hovde, Groove

 

Konsertreferansar:
Konsert med Kringkastingsorkestret (2007), konsertar med Jonas Fjeld (2006-), Istanbul (2007), Tvilsdagene, Hamar (2005), International Grüne Woche, Berlin (2003, 2004 og 2005), Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida (2002),  Millennium Stage, Kennedy Center, Washington DC (2002), NRK-musikere under OL i Salt Lake City (2002), Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2000, 2002 og 2006, Den Norske Folkemusikkveka (1999, 2000, 2001, 2007), Jørn Hilme stemnet (2003), Telemarksfestivalen (2003) og Norrsken (2000)